Slamtømming

 
V.E.I-Tjeneste as  har som målsetning å gje vår største kundegruppe, kommunar og interkommunale selskap, eit totaltilbod innan handtering av septikslam i tråd med dei lover og forskrifter som gjeld på området.

Dette inneber at vi tek mål av oss til både å utføre innsamling, avvatning, transport og kompostering av slammet. I tillegg legg vi opp til å utføre inspeksjon av tankar og anlegg samt utføre full administrasjon av ordninga.

For V.E.I-Tjeneste as er det ei stor utfordring å utføre dette etter våre kundar sine behov og ynskjer. For våre kundar inneber ei totalløysing forutsigbare kostnader og eit minimum av administrasjon.

VEI-Tjeneste AS Postboks 36 5751 ODDA