Store nedbørsmengder - ring oss ved behov for hjelp!

Norva24 og Septik24 går saman og blir den leiande aktøren i Noreg

Norva24 og Septik24 går saman og blir den leiande aktøren i Noreg

Norva24 er i stadig vekst, og no blir Johny Birkeland Transport AS, Miljøservice AS og Miljøkompost AS i Septik24-konsernet dei tre nyaste tilskota til vårt selskap. Dermed knyter vi til oss meir kompetanse og kan levere endå betre tenester til våre kundar i eit større geografisk område.

Sidan oppstarten i april 2015 har Norva24 oppnådd å bli marknadsleiar på Vest- og Austlandet. Etter samanslåinga med Septik24 er vi ti solide bedrifter som tilbyr brei kompetanse og breidt tenestetilbod innan fagområda slamsuging, høgtrykkspyling, rørinspeksjon, kontroll, rensing og industriservice. (legg ved tenestematrise)

Frå før besto Norva24 av sju aktørar med lang erfaring innan sine felt: Aqua Power AS, Sandnes Transport AS, Spyleteknikk AS, Aqua Power Vest AS, Norsk Vacuumgraving AS, Septik & Miljøservice AS og Østfold Høytrykk AS.

I korta sidan sommaren

Prosessen starta sommeren 2015, og resultatet er no klart: Septik24 går inn i Norva24, og tidlegare eigarar av Septik24 går tungt inn på eigarsida i det nye konsernet.

Johny Birkeland Transport AS har operert sidan 1982 og Miljøservice AS siden 1989. Septik24 har allereie ein sterk posisjon både lokalt og regionalt og leverer tenester i nærare 140 kommunar. Kombinert med erfaringane dei har gjort seg gjennom meir enn 30 år i bransjen vil dei vere uvurderlige for oss i videreutviklinga av selskapet.

«Vi ser at etterspørselen av våre tenester er i vekst. Krava til kvalitet og dokumentasjon aukar, samtidig som kundane har store krav til kompetanse og tekniske løysingar. Med tre nye aktørar på laget får vi no meir kunnskap, breiare fagmiljø og betre marknadsdekning. Dette vil gjere oss endå betre rusta til å vekse vidare og levere tenester av høg kvalitet til eksisterande og nye kunder" seier dagleg leiar i Norva24 Jon B. Nesje

«Vår ambisjon er at vi saman skal tilby den marknaden best service, og bli den foretrukne aktøren i vårt segment. Vi vil vere leiande i konsolideringa av bransjen i Noreg og Norden.».

Fordel å være stor aktør

Stadig strengare regelverk og aukande kundekrav gjer det vanskeleg å vere lita bedrift i denne marknaden. Ved å gå saman kan selskapa utveksle informasjon, system, kapasitet og kompetanse på tvers av verksemdene. Saman skal vi tilby eit breidt tenestetilbud i ein større marknad ved å tenkje nytt, vere framtidsretta og konkurransedyktige.

Norva24 AS skal vere ein god stad å jobbe, og selskapa har omlag 250 tilsatte. Saman har vi lokal kunnskap om heile Vest- og Austlandet, lang erfaring og stort engasjement for jobben som skal gjerast.

Med 175 køyretøy i utstyrsparken har vi størst kapasitet i bransjen, og vi har no ende betre forutsetningar for å sørge for at infrastruktur som ligg under bakken fungerer. Vi skal byggje vidare på lokalkunnskapen selskapa har og levere upåklagelig kvalitet og service til våre kundar 24 timar i døgnet. Vårt motto er: "Vi hjelper alltid".

Dersom du har spørsmål om sammenslåinga kan dei rettast til:

Jon B. Nesje

Norva24

Grandevegen 13, 6783 Stryn

Telefon: 950 34140 

jon.n@norva24.no

Fleire nyheiter