Store nedbørsmengder - ring oss ved behov for hjelp!

Kvifor køyre vatn ?

Sidan mottaksanlegga er sentralisert og transportavstandane store er innsamling av septikslam i distrikta ei stor utfordring. Med mobil avvatning reduserer ein utslepp av giftige gassar til luft, og antal transportkilometer mellom innsamlingsområdet og mottaksanlegget blir redusert på grunn av mindre transport og redusert dieselforbruk.

Med mobil avvatning er det kun den faste massa som må transporterast vekk. Sidan vatnet blir lagt tilbake i tanken treng ikkje lastebilane køyre så ofte og så store mengder vatn til mottaksanlegget. Dette sparar miljøet gjennom mindre utslepp av gassar som NOX og CO2.

Med mindre transport og mindre dieselforbruk gir dette ein miljøsparande gevinst. Ein kan også tømme fleire tanker enn tidligare før retur til godkjent mottak for avlevering av tørrslam. Ein slamsugar utan avvatning kan tømme ca. 3 slamtankar før slam og vatn må transporterast til godkjent mottak. Med ein avvatningsbil kan ein tømme ca. 20-25 slamtankar før tørrmassane må transporterast til mottak. Omlag 75% rensa vatn blir slept tilbake i tanken, og nedbrytningsprosessen og gjæringa i tanken startar umiddelbart. Dersom ein tømmer tanken heilt kan det ta fleire månadar før nedbrytingsprosessen startar.

Teknologien som blir brukt er lukka for å minimere utslepp av lukt og søl. Renseprosessen foregår i container på bil, men ved store avstandar kan ein benytte tilhengar og overføre avvatna slam til denne i ein lukka prosess. Benyttar ein bil og hengar kan ein drive effektiv produksjon i ca. ei veke før ein treng å reise til deponeringsmottak for tømming.

Slik fungerar avvatnings-prosessen:

1. Ved hjelp av vakum vert slam sugd opp frå septiktank og inn i slamtank på bil.
2. Slammet vert tilført rett mengd polymer og vert så manuelt pumpa opp i avvatningskammeret. Her blir den faste massa liggande igjen, og vatnet blir filtrert og lagt tilbake til septiktank.
3. Slamvolumet blir redusert med 75-85%, dvs. 75-85% av rejektvatnet blir returnert til septiktank. Med vatn i septiktanken vil gjæringsprosessen starte raskare enn om tanken var tom.
4. Den faste massa blir levert på godkjent mottak.

Fleire nyheiter